Fjordatorget

Tilbydarane på Fjordatorget ønskjer deg velkomen til ei fantastisk reise i Fjord Norge med  storslagen natur og eit rikt utval av lokale smaksopplevingar. Basert på næringsrike råvarer frå nærliggjande områder vert det produsert ferskvarer og tradisjonsmat av høg kvalitet. Du kan overnatte i trivelege gardshus med "sjel" i veggane, feriehus, hytter, støl, rorbu og camping samt delta på aktivitetar som matvandring, kultur- og historieforteljing, fiske, kajakk eller sykling. 


Smak av Fjord Norge

Gardstun i Fjord Norge tilbyr rein og sunn mat basert på næringsrike råvarer som frukt, bær og grønsaker dyrka langs fjordane og på dyr som går ute på beite heile sommaren. Der finst eit rikt tilbod av ferskvarer, tradisjonelle rettar og vidareutvikla produkt som kan opplevast på lokale serveringsstader, kjøpast på gardstun eller i eigne utsal og butikkar. Av varer finn ein heimebakst, økologisk saft og sylte, ost, speka kjøt mm.

Opplev Fjord Norge

I Fjord Norge kjem ein tett på naturen uansett kor ein ferdast. Fjordar og fjell, isbrear, fossar, elvar, øyar og hav gir flotte utgangspunkt for rike naturopplevingar. For den aktive kan kajakk, riding eller fjellturar vere å foretrekke. For andre kan ein roleg båttur på fjorden, fiske eller historievandring vere passandeDer er eit stort mangfald i tilbodet, eit mangfald som avspelar variasjonen i natur, levesett og tradisjonar.

     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster