Fjord Norge
Vinteren 2004 gjorde National Geographic ei evaluering av dei 115 fremste reisemåla i verda der dei Norske Fjordane vart tildelt førsteplassen. I følgje Evaluator har reisemålet "ein strålande, levande kulturell tradisjon, eit eventyrleg landskap og den er ikkje overfylt av turistar. Dei miljømessige kvalitetane er godt tekne vare på, og det er lett å forholda seg til innbyggarane. Eg er svært glad for måten reisemålet blir handtert på".
På Fjordatorget finn du representantar som tilbyr desse kvalitetane og ønskjer dele dei med deg.
|
Opplev ro i sjela - pust inn frisk luft, drikk vatn frå klare bekkar og plukk ville bringebær langs stien. Fjord Norge har ein variert natur med fjordar og fjell, isbrear, fossar, elvar, øyar og hav som gir flotte utgangspunkt for rike naturopplevingar.
|
|
Det har budd menneske langs kysten og inn i fjordane på Vestlandet sidan steinalderen og dei har skap kulturlandskapet og etterlate minnesmerke. Av dei eldste minnesmerka er helleristingane frå yngre steinalder i Flora. Frå ei seinare epoke stammar stavkyrkjene med Urnes stavkyrkje i Indre Sogn som den mest kjende og som står på UNESCO si World Heritage liste.
|
|
Langs kysten var og er kombinasjonen av jordbruk og fiske mest vanleg. I innlandet, langs fjordane er det tradisjonelle jordbruket mest gjeldane. På grunn av naturforholda med djupe fjordar og bratte fjell er bruka små og berre ein liten del av arealet er dyrka mark. Dette gjer til at gardsbruka ofte kombinerar jordbruket med anna verksemd som å tilby overnatting.
|