Natur

Opplev ro i sjela - pust inn frisk luft, drikk vatn frå klare bekkar og plukk ville bringebær langs stien. Fjord Norge har ein variert natur med fjordar og fjell, isbrear, fossar, elvar, øyar og hav som gir flotte utgangspunkt for rike naturopplevingar.

Fjordane og dei høge fjella ikring vart forma av breane under siste istid og er særeigne i verdssamanheng. Sognefjorden er den mest besøkte fjorden og Nærøyfjorden den mest kjende og står oppført på UNESCO si World Heritage liste. Du finn også den den største samanhengande isbreen på det europeiske fastlandet her. Nigardsbreen og Briksdalsbreen er nokre av dei mest besøkte reisemåla i Noreg og vel verdt å oppleve. Det er stor vilje til vern av naturarven og dermed vil det vakre naturlandskapet også kunne nytast i framtida.

     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster