Kultur

Det har budd menneske langs kysten og inn i fjordane på Vestlandet sidan steinalderen og dei har skap kulturlandskapet og etterlate minnesmerke. Av dei eldste minnesmerka er helleristingane frå yngre steinalder i Flora. Frå ei seinare epoke stammar stavkyrkjene med Urnes stavkyrkje i Indre Sogn som den mest kjende og som står på UNESCO si World Heritage liste.

 

Livet i gamle dagar både i arbeid og fest er godt dokumentert på dei tre folkemusea i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord og på Kystmuseet i Florø. Dei viser korleis menneska nytta naturlege ressursar for å overleve. Også i dag er naturen ein viktig ressurs både i industriell produksjon, men ikkje minst knytt opp til flotte opplevingar og aktivitetar. Du kan besøkje ei rekke opplevingssenter som Norsk Villakssenter, bre- og natursenter. På mange besøksgardar kan du også oppleve gardslivet slik det var i eldre tider med hesjing av høy, mjølking av kyr og hausting av frukt og bær.

 

     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster