Langs kysten var og er kombinasjonen av jordbruk og fiske mest vanleg. I innlandet, langs fjordane er det tradisjonelle jordbruket mest gjeldane. På grunn av naturforholda med djupe fjordar og bratte fjell er bruka små og berre ein liten del av arealet er dyrka mark. Dette gjer til at gardsbruka ofte kombinerar jordbruket med anna verksemd som å tilby overnatting.
På grunn av Golfstraumen er klimaet relativt mildt heile året. Ute ved kysten er det mykje nedbør og milde vintrar, medan det blir tørrare og med større temperaturforskjell mellom sommar og vinter etterkvart som ein kjem lengre inn i landet. Lengst inne i Sogn, Nordfjord og Hardanger er det omfattande frukt- og bærdyrking. I ein periode frå århundreskiftet til 1920-åra var det til og med ein stor produksjon av tobakk i Indre Sogn. Tobakk vil du ikkje lenger finne her, men både frukta og bæra og produkt som blir laga av dei kan du få kjøpt.
Mjølkeproduksjon er også viktig hos gardsbruka, samt eit omfattande saue- og geitehald. Ikkje minst ligg forholda, med gode fjellbeite, godt til rette for det siste. Dette gir råvarer til spanande produkt av høg kvalitet, både ostar og kjøttprodukt med lokal karakter. Dei er ofte basert på gamle oppskrifter. Alle som driv foredling av matprodukt er underlagt Mattilsynet sine kontrollordningar.