|
Svanøy Røykeri AS
Svanøy Røykeri AS står idag for produksjon og sal av røykelaks og gravlaks samt hjortekjøt produsert ved Norsk Hjortesenter
Heimeside
Svanøy Røykeri ligg på Svanøy Hovudgard lengst sør i Flora kommune. Tilkomst med rutebåt eller skyssbåt frå Florø. Til Florø reiser du med fly, ekspressbåt eller buss/bil (RV5).
Opningstid:
Kvardagar, heile året mellom kl 08.00-16.00.
Produkta kan kjøpast ved besøk, ved bestilling over tlf/fax, og på vår nettbutikk.
Salg: Røykelaksen er røykt med friske einer plukka på Svanøy. Kvar lakseside er skore for hand og alle bein er fjerna. Deretter blir den tørrsalta etter eigenutvikla oppskrift med ei blanding av salt og sukker. Ulike marinader etter røyking og urter ved graving gir 8 ulike smaksopplevingar. Alle produkta våre blir pakka i eksklusiv gåveinnpakking med eigna ytteremballasje for transport over heile landet.
Servering:
Aktivitetar: Eit besøk på Svanøy er å anbefale for dei som er interessert i historie, likar vakker natur og ønsker ro. Aktivitetar i naturen er også eit nøkkelord når ein besøker Svanøy. Flotte sykkelvegar, oppmerka stiar og lune gjestehamner ligg og ventar. I tillegg kan ein få omvisingar på Svanøy Hovedgaard og Kvalstad Gård/Norsk Hjortesenter. På Norsk Hjortesenter tilbyr vi kurs på temaet hjort, kurs og konferansefasilitetar for bedrifter, opplegg i villmarksleir for grupper og bedrifter, samt ein temapark med nærkontakt til hjort, dåhjort og andre dyr.
Svanøy Røykeri AS , 6914 Svanøybukt
| E-post: laks@svanoy.com
| Telefon: 57747102
|