Rytnetunet

Rytne er eit rekketun der husa er over 400 år gamle og totalrehabilitert i 2002. Dersom du kunne tenkje deg ei harmonisk og avslappande helg, med ro og ekthet der historia framleis kvilar i veggane, er Rytne rette staden for deg.

Sunnfjord er Fosseheimen mellom bre og fjord. Rytnetunet er eit godt utgangspunkt både for deg som ønsker å nyte late dagar i næromgjevnadene, men også for dagsturar til verdskjente reisemål som Sognefjorden og Nærøyfjorden - no på UNESCOs berømte Verdsarvliste.

Heimeside

Frå Førde følgjer du E39 mot Bergen og tar av til "Dale", riksveg 57. Etter 10 km kjem du til Bygstad sentrum og SPAR Bygstad. Følg skilting vidare til "Storehesten" så kjem du til "Rytne", ca. 5 km frå SPAR Bygstad. Kjem du med fly? Sjå link til heimesida.

Opningstid:

Heile året. Ved større arrangement og bestilling av helgar kan det være lurt å ta kontakt i god tid.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Servering:

Feriehuset har eige kjøkken. Mat kan også tingast frå lokal kokk. Vi serverer også Vikingsuppe, noko som er godt likt i samband med større arrangement og konsertar i Rytnetunet.  Ta kontakt for sesongens meny. Lokal og internasjonal mat. Skjenkeløyve for øl og vin.  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Overnatting:

Feriehuset er 120 m2, 4 familierom (til saman 16 sengar), 2 hemsar, stort fellesrom og ”nøktern luksus”, det vil seie moderne bad og kjøkken.

Rytne egnar seg for familiar, grupper eller berre to.

På Rytnetunet  kan du nyte eit Spa med einerlåg - ei varm, utandørs naturoppleving. Vertskapen lagar einerolje frå skogen omkring og mynte- og roseolje frå krydderhagen.

 

 

 

 

 

Aktivitetar:

  • Utendørs badestamp
  • Ro eit ekte vikingskip
  • Fisking i fjord, elv og fjellvatn 
  • Fjell og skogsturar
  • Bading


Rytnetunet , 6977 Bygstad | E-post: helge.kaarstad@c2i.net | Telefon: | Mobil: 97140060
     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster