Nes Gard

Det er 7. generasjon som no driv Nes Gard, som har vore eigd av familien i 200 år. Gardstunet frå 1850 er i særprega vestlandsstil. I tillegg til ein hyggeleg overnattingsstad, er staden godt eigna  for bryllup, jubileum, vennegrupper og mindre seminar. På garden vert det dyrka epler, pærer, plommer og moreller. I sesongen er gjestene velkommen til å plukke rett frå trea!

Heimeside

Ved Lusterfjorden  i Sogn.

Opningstid:

 

Servering:

Heimelaga og tradisjonsrik mat.

Overnatting:

Gjestehus med utsikt til Lusterfjorden og Feigumfossen, Norges høgaste fossefall . Rom m/frokost. Servering av middag. 20 sengar og koselege leilegheiter med plass til 2 – 5 pers. Staden er eit godt utgangspunkt for flotte fotturar og kulturopplevingar.

Rabatt ved opphald i 3 døgn. Barnerabatt og Grupperabatt.

Aktivitetar:
Fjellvandring, brevandring, sykkelturar, båtturar samt fiske. Utleige av sykkel og båt m/motor.

5-dagars program med historiske fotturar samt mange vandreturer og fotturer du kan ta på eiga hand. Breheimen og Jostedalen har godt merka stiar i eit frodig og storslagent landskap, med panoramautsikt. Av kulturperler i nærleiken m.a. Urnes Stavkirke, Munthehuset, Galleri Walaker og middelalderkyrkja i Dale, Norsk Bremuseum og bokbyen i Fjærland.


Nes Gard , 6875 Høyheimsvik | E-post: post@nesgard.no | Telefon: 57683943 | Mobil: 95232694
     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster