Eldalstunet
Eldalstunet er ei familiebedrift i Viksdalen i Sogn og Fjordane. Vi held landskapet i hevd og driv gardsdrift med kyr og sauer. I tillegg til gardsdrifta lagar vi ulike husflidsprodukt av tre, frå eigen skog, som vert rosemåla med gamle, tradisjonsrike mønster frå vårt eige dalføre. Vi har og godkjendt kjøkken og serveringslokale med god plass til 80-90 personar der vi serverar tradisjonell mat laga av lokale råvarer.

Heimeside

Opningstid:

I husflidsutsalet åpnar vi når  kundane kjem.  Sundagsmiddag i juni, juli og august. Ope kvar dag frå 29.juni til 9.august frå 13 til 18.  Elles servering etter avtale.

Salg:
Vi har teke opp att den gamle husflidstradisjonen frå vårt distrikt med sveiping av øskjer, tiner og korger. Vi lagar og andre ting som store kister, klokker, lysestakar, dreia fat og bollar. Alle produkta vert laga av materialar frå eigen skog og vi dekorerar nesten alt vi lagar med den tradisjonsrike rosemålestilen frå Viksdalen, Viksdalsmåling. Denne stilen hadde si storheitstid frå slutten av 1700-talet og fram til ikring 1920.

Servering:
Vi kan dekke til 80-90 personar og lagar sjølv all mat. Lokale råvarer blir brukt der det er praktisk mogeleg. Maten er tradisjonell, norsk kost og vi likar best å servere rettar med tradisjon frå vårt distrikt. Bryllaup, barnedåpar, konfirmasjonar og åremålsdager høver godt hjå oss. Vi tek gjerne utfordringar og kan arrangere aktivitetar i samband med blåturar og julebord.

Aktivitetar:
Rett forbi Eldalstunet går Fossestien som er ein godt merka og tilrettelagd tursti 21 km langsetter dalen, heilt opp mot Gaularfjellet. Vekslande kulturlandskap og natur med 14 fossar og 7 vatn. Også guida turar og transportservice.  Kjem du gåande til oss så kan vi køyre deg tilbake til bilen.  (eller motsett)


Eldalstunet, 6978 Viksdalen | E-post: hennskil@frisurf.no | Telefon: 57717603 | Mobil: 91195578
     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster