|
Kvam Fruktlager P/L
Kvam Fruktlager var tidlegare mottak for frukt i kommunen. No vert frukta levert til Hardanger Fjordfrukt og me har funne andre bruksområder for huset. I lokala er det i dag gardsmat og FK- butikk. Ein svært spennande kombinasjon. Me har ”nesten alt” kunden treng. Me er også utsalg for Nøring som har sitt produksjonslokale her. I andre etasje er det kontor med landbruksrelaterte bedrifter. Altså eit innhaldsrikt hus som er vel vert eit besøk.
Gardsmatbutikken, Kvam Fruktlager, Sjuseteveien 27, 5610 Øystese. Ta av i rundkøyringa i Øystese sentrum opp mot Soldal. Øystese ligg 80 km frå Bergen og 60 km frå Voss.
Opningstid: Man-tirs-onsdag 0830-1630 Torsdag 0830-1730 Fredag 0830-1630 Lørdag 0900-1400
Salg: Gardsmatbutikken har eit assortert utvalg av varer. Me sel lokal- og regionalt produsert gardsmat av frukt, bær, tradisjonsbakst, kjøtt, urter, egg, sjokolade, honning, ost, m.m. I sesongen har me lokaprodusert frisk frukt og bær. Me har sekkesalg av poteter og grønsaker. Gardsmat spenner over eit vidt spekter - me lagar gåvepakkar i alle prisklassar og størrelsar.
Aktivitetar: Aktiviteten er prega av årstidene. Om sommaren har me nyplukka jordbær og moreller. Så går det slag i slag med plommer, pærer og epler frå dei tidlegaste sortane til kjølelageret er tomt utpå nyåret. Før jul har me”førjulsdagar” med smaksprøvar og julegåvesalg. Me har faste dagar i veka for levering av tradisjonsbakst. Lurer du på noko - ring oss.
Kvam Fruktlager P/L, 5610 Øystese
| Telefon: 56555048
|