Urnes Gard og Hjortefarm

På Urnes Gard produserer vi eple, bringebær, jordbær, hageblåbær og moreller.

Vi tek mot gjestar til overnatting i restaurerte gardshus, - rundt 30 senger totalt. Vi har tilbod om frukostservering, men dei fleste husværa er utstyrte for sjølvhushald.

På hjortefarmen vår kan du oppleve dei stolte dyra på nært hald.

Heimeside

Opningstid:

Open for overnatting frå juni til september. Elles på forespørsel

Gardkafeen er open kvar dag  1030 til 1730 frå juni til  september.

Hjortefarmen kan besøkast i opningstida for kafeen, og elles på bestilling.

Salg:

Storparten av produksjonen vår av eple og bær går til konsum og industri, men ein stadig større del vert vidareforedla på garden til saft og syltetøy. Varene vert omsett frå eigen gardsbutikk, på Bondens Marked Førde og nokre butikkar i Luster,  Bergen og Voss.

Frå hausten 2007  kan vi levere hjortekjøt frå farmen vår.

Servering:

I gardskafeen får du enkel servering i opningstida.

Vi tek og mot grupper for lunsj og mindre selskap på bestilling.  Menyen baserer seg på lokale råvarer, td hjortekjøt frå eigen hjortefarm. Grupper på 30 høveleg, men kan dekke til 50.

Øl- og vinrett.

Overnatting:

På Urnes Gard kan du overnatte i restaurert gardshus, husvære i Gamlefjøsen,enkle 2-sengsrom eller gjestehus.

Aktivitetar:
Urnes Gard er næraste nabo til Noreg si eldste stavkirke frå ca 1150. Denne bør du sjå. Dessutan er det gamle mineralgruver, der dei tok ut m.a. anorthositt m.m. Du finn og ein båtfabrikk like nedanfor garden.


Urnes Gard og Hjortefarm, 6870 Ornes | E-post: urnes-gard@urnes.no | Telefon: 57683944 | Mobil: 90600218
     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster