Høgt & Vilt, Urter frå Devik

Devik er ei bratt lita grend på sørsida av Gloppefjorden i Nordfjord. Med morgonsol, lite vind og godt jordsmonn er her ideelle forhold for dyrking av urter med høg kvalitet. Garden har økologisk godkjenning av alt areal. Her har Bjørg Devik Aurlien sidan 1997 hatt urteproduksjon som heiltidsjobb. Sidan arealet er bratt, er mykje av produksjonen handarbeid. Urtene vert i hovudsak selt tørka, men det kan også leverast ferske urter i sesongen. For detaljert informasjon om garden og produkta, sjå www.hogtogvilt.no

Heimeside

Devik ligg på sørsida av Gloppefjorden, 14 km frå Sandane sentrum .

Opningstid:

Her er ope når vi er heime. Vil du vere sikker på å treffe oss, ta kontakt på telefon eller e-post.

Salg:
Stabburet på garden er tatt i bruk til gardsutsal, og utsalet er ope når vi er heime. Varene finn du elles i ein del daglegvarebutikkar, gardsmatutsal og gåvebutikkar, mest i Sogn og Fjordane og Hordaland. Sjå oversikt på www.hogtogvilt.no Her legg vi også inn alle marknadsdagar vi deltek på.


Høgt & Vilt, Urter frå Devik, 6828 Hestenesøyra | E-post: bjorgaur@start.no | Telefon: 57869173 | Mobil: 90865761
     Fjordatorget, 6856 Sogndal | Telefon: | E-post: Webmaster